
«Skarstein fordømmer ikkje, men viser at Ingstad ikkje levde opp til versjonen han gjennom bøkene sine skapte av seg sjølv. Skarstein skriv godt, og boka er svært interessant.»
Forfattar eller forskar?
Helge og Anne Stine Ingstad skal ha ære for å ha funne dei norrøne tuftene på Newfound- land, men Ingstad bryt, ser det ut til, alle reglar for vitskapleg ærlegdom.
dag og tid Fredag 8. oktober 2010
Helge Ingstad kunne 5. november 1963 rapportere at han hadde funne vikingtufter ved L’Anse aux Meadows på New Foundland. Foto: Scanpix
saKpRosa
FrodE SKarStEin:
Helge ingstad. En biografi SpartacuS Forlag
Helge Ingstad er eit ikon. Pirkar ein i slike ikon, pirkar ein i nasjo- nen. Ikkje berre har vi trudd at det var nordmenn som oppdaga Amerika. I nordmenns auge gjorde Helge Ingstad det ingen hadde lykkast med før han: Han prova at nordmenn faktisk var oppdagarane.
Frode Skarsteins biografi om Helge Ingstad er tradisjonell i den forstand at han gjennom- går Ingstads liv frå barndom til utgravinga av dei norrøne tuf- tene på L’Anse aux Meadows på Newfoundland. Samtidig saum- fer han personen Ingstad: Éin ting er kva Ingstad fortel om seg sjølv, noe anna er kva han fak- tisk gjorde. At han vart pelsjeger i Canada, framstiller han som resultat av eit medvite val i den første boka si, Pel-
Ingstad er seinare med på nor- ske aksjonar på Aust-Grønland i samband med forsøket på å få norsk råderett over eit større om- råde her. Han identifiserte seg med det norske kravet, og mye tyder på at tapet ved domstolen i Haag kom til å påverke synet hans på danskar negativt i åra etter.
Tilsvarande tilfeldig er ekspe- disjonen hans for å finne overle- vande «ville» apache-indianarar i området mellom USA og Mexico. Ingstads manglande antropo- logiske kompetanse fekk han til å betrakte det han meinte å ha funne, med ukritiske auge. I tillegg kom han til offentleg å hevde at han faktisk hadde møtt noen av dei forsvunne apachane, noe han seinare måtte vedgå ikkje var tilfellet.
MaNgLaNdE sKoLERiNg
Ingstads mangel på vitskap- leg skolering kom for dagen og skapte store problem i utgravinga av tuftene på L’Anse aux Mea- dows. Ingstad var, i motsetning til kona si, Anne Stine, som hadde
Kort sagt, Skarstein får fram at og korleis Ingstad synda mot ein grunnleggjande regel for vit- skapleg arbeid: Skal ein hypotese vere vitskapleg, må han vere for- mulert slik at det i prinsipp skal kunne vere mogleg å svekkje eller å falsifisere han. Han må, direkte eller indirekte, angi kva for funn og data som vil svekkje eller falsifisere han. I tråd med dette må ein utsetje han for mak- simale forsøk på falsifikasjon. Berre om han motstår desse, for- tener han tillit. Dette veit vit- skapsfolk. Dette visste ikkje Ing- stad. I ettertid framstår han såleis som forteljar, ikkje forskar.
FusK
Skarstein kan fortelje meir: Ing- stads framstilling av korleis han fann fram til L’Anse aux Meadows, svarer ikkje til kor- leis han verkeleg fann staden. Ingstad underslår at det er ein dansk arkeolog, Jørgen Meld- gaard, som har sett han på spo- ret av staden dei norrøne tuftene er å finne. Ingstad hadde i lang tid vore i kontakt med Meldgaard og fått relevant informasjon frå han. I bøkene sine om funn og utgravingar er ikkje Meldgaard nemnd. Har Skarstein rett, står vi overfor eit paradedøme på vit- skapleg fusk. Ikkje så at Ingstad
og kona hans ikkje skal ha ære for å ha funne og grave ut dei norrøne tuftene, men Ingstad bryt, ser det ut til, alle skrivne og uskrivne reglar for vitskapleg holdning og ærlegdom.
Skarstein fordømmer ikkje, men viser at Ingstad ikkje levde opp til versjonen han gjennom bøkene sine skapte av seg sjølv. Skarstein skriv godt, og boka er svært interessant.
atLE MåsEidE
atle Måseide er fyrsteamanuensis i filosofi ved universitetet i tromsø.
sjegerliv blant Nord- Kanadas indianere, frå 1931. I røynda fører ei rekke til- feldige hendingar som Ingstad ikkje nemner, Ingstad til pelsjegerlivet. Skarstein meiner dette er eit fortel- jarteknisk knep: Det gjer boka lit- terært meir inter- essant. Men han opnar for at det kan vere meir.
Ingstad under- slår at det er ein dansk arkeolog som har sett han på sporet av dei norrøne tuftene.
arkeologisk utdan- ning, ikkje i stand til å betrakte funna dei gjorde utan å tolke dei som stadfesting av si eiga overtyding om at det faktisk var norrøne tufter dei hadde funne. Andre arkeolo- gars varsemd når det galdt tolking, tok han ikkje som uttrykk for vit- skapleg holdning, men som kritikk
Lik dette:
Liker Laster...
Relatert